• Kjøpelagets historie

    År 1893 Aal Landboforening blir stifta

    I den eldste protokollen heiter det: Aals Landboforening stiftedes den 7. mai 1893 i et møde der under Amtsagronom K. Heje's ledelse holdtes i Thingsuen…. Her var ca 40 personer til stede…>> På dette møtet vart vedtekter vedtatt og bestyrelse vald. 1 § 1. heiter det m.a.: Foreiningens formål er at fremme Landbonæringen i alle dens Grene.

    År 1894-1896 Griseal og Fjøssynfaringer

    I 1894 freista laget å få til Griseal. I styremøte i januar s.å. gjorde styret vedtak om å kjøpa inn eit grisepar frå Svenneby, og om at laget skulle søkja fylke og kommune om tilskot til kjøpet. Same året sende laget eit framlegg til formannskapet om å få til ei fjøssynfaring i bygda. Det vart også søkt fylke og kommune om tilskot til dette.
    Griseparet som styret gjorde vedtak om å kjøpe inn vart plassert hjå Eirik Sando. Fjøssynfaringa vart halde i mars 1896. Domar var Thor Myro. Dei beste fekk premie. 1. prmie var kr 8,- 2. premie var kr 5,- og 3. premie kr 3,- På årsmøtet den 3. mai var amtsagronom Heje til stades og heldt foredrag om ” Fjøset og krøterstellet”.

    År 1897-1905

    Laget startar prøvedyrking av bygg, havre og potet. Det vert likeeins gjort forsøk på å få starta eit meierikurs og eit vevkurs. Da det viste seg å vera liten interesse for meierikurset ble dette lagt bort. Vevkurset starta den 6. februar 1901 med 11 elevar.

    I 1902- 1903 hadde Felleskjøpet eller landhusholdningselskabenes fellesindkjøb som det då heitte, så smått kome i gang og i 1903 vart det gjort vedtak om å tinga 38 s Bomulfrømjøl, 10 s Linfrømjøl og 2 stk sildemjøl. Dette vart oppstarten på kraftforsalg i landboerforeningens regi.

    År 1906 Ål Landboerforenings innkjøpslag vert skipa.

    På årsmøte i laget den 25. mars vart Ål Landboerforenings innkjøpslag stifta. Det vart satt opp og vedteki lover for laget.

    § 1. Lyder slik: Lagets formål er at skaffe sine medlemmer gode og billige varer af kraftfor, kunsgjødsel og saafrø ved direkte indkjøb gjennom landhusholdningsselskabernes fellesinkjøbsforening og ved opptagelse af kassakreditlaan stort indtil kr 5000,- femtusinde kroner – i Aal sparebank for at lette disse adgangen til at afgjøre sine forpliktelser af disse indkjøb.

    År 1908 - 1910

    Det vart satt i gang mjølke og matstellkurs med amtsmeierska som lærar. I 1910 vart det oppmoda om å gå med som medlemmer i Fellesslagteriet som var i fred med å verta reist i Kristiania. Det var få som fulgte oppfordringa og tilsutningen vart liten.

    År 1914 – 1916

    Innkjøpslaget får lagerbu på Ål stasjon. Bua kom på kr 800,00 Lagsfolka deltok med gratis arbeid i forbindelse med oppsettinga.

    År 1925-1927

    Drift av fjellbeite i Toviken kom i gang i 1925 og det var 441 sau på beite denne sommaren. I 1926 vart det også leigd hamn i Fødalen og her var det i 1927, 779 sau, 54 uksar og 5 hestar.

    År 1928-1030

    Sambeitedrifta tek seg opp og i 1928 var det 930 sau, 44 uksar, 65 killingar, og 8 hestar på sommarbeite i Fødalen. For laget var det nedgangstider og det ble bestemt i styrelsesmøte at lagerbua måtte selgjast. For den fikk laget kr 380,00 som gikk inn i drifta vidare.

    År 1931 – 1939

    Innkjøpslaget startar slakting på fesjåplassen et tiltak som vert svert godt likt. I 1936 vard det omsatt kjøt for kr 30 972,- og i 1938 vart det omsatt for kr 39 788,- og slakta 975 sau, 20 storfe på fesjåplassen.

    År 1940-1945

    Det var krigsår og laget arbeidde svert tungt. Det var vanskelig å få inn uteståande fordringar og det vart satt i verk utlikning av lagsfolka som ved slutten av året gjorde at det vart jamnvekt i rekneskapen. Ved slutten av perioden hadde lagets økonomi betra seg og ved årskifte 1945 -46 hadde laget ei eige på kr 7 000,00

    År 1945 – 1950

    Laget fekk tak i nytt lagerhus. Ei tyskerbrakke som Felleskjøpet på Gol skulle riva, vart kjøpt inn og benytta til 1 byggetrinn. Det vart leigd tomt hos NSB på Ål stasjon og i 1947 vart bygget tatt i bruk. Fra 1948 – 1950 Var det stor auke i kraftfor og gjødselsalget og omsetningen økte.

    År 1951 – 1959

    Fortsatt god drift i Fødalen og laget øker salg av driftsmiddel til landbruket. Det vert drøfta ein utbygging av lagerhuset, men man fann at å bygga på det gamle lagerbygget ikke var tilrådelig. Man går derfor i nærare samarbeid med Ål Fryseri A/L I 1957 vart det vedtatt å slå saman Ål Innkjøpslag og Ål Fryseri A/L. På møte den 6. april blir det nye laget skipa. Navnet blir Ål Fryseri og Kjøpelag. I 1957 vart det nye bygget tatt i bruk og drifta gikk svert godt de neste åra.

    År 1960 -1969

    I 1960 rundar laget for første gong 1 million kroner i omsetnad. Eit nytt fryserom er tatt i bruk og dermed kunne ein del pelsdyreigarar få leiga ekstra fryseplass. Det vert likeins drøfta å utvide lagerplassen. Eit tilbygg vart oppført og teke i bruk i 1964. Samarbeidet med pelsdyreigarane vart også avvikla og derved vart drifta ein god del enklare.

    År 1970 – 1979

    I den første tida var det åppstått eit nytt problem. Det gjaldt private kraftfor leverandørar som var ute med sine agentar, for å få leveranser til dei største forbrukarane. På eit møte dette året vart det gjort framlegg om pliktkjøp hos Ål Fryseri og Kjøpelag for lagets medlemmar. Dette vart nedstemt og således ikke noe av. Det vart mana til samhold innan laget og fortsatt samvirke. I 1979 vart fryserite avvikla. Ettersom fleire og fleire no hadde heimefrysar og pelsdyrnæringa fikk dekka sine behov på Gol, vart behovet for fryseboksar og fryserom så lite at det ikkje lenger var rekningssvarande.

    År 1980 -1990

    I 1981 vart fryseriet ominnreidd for å gi plass for dei nye varene laget fører. Forsøksringen og Hol og Ål Rekneskapslag skal også leige kontor og lager i den nyinnreidde avdelingen. I 1984 flyttet Rekneskapslaget til rimelegare lokale i Aal sparebank og i 1990 ble ny leigeavtale med Forsøksringen diskutert og det vart gitt tilbud om vidare leige, på same vilkår, for et år om gangen. I 1980 fekk også laget eit anna problem å hanskast med, da kommunen fann det naudsynt å byggje bru over jernbanelinja aust for Kjøpelaget. Det vart etter hvert enigheit med kommunen og NSB om tilleggsareal og desse vart formelt overdratt 22. juni 1990.

    År 1991 – 2000

    Det vart arbeidd med å skaffe større areal for lager da varemengden etter hvert auka. Det vart også registrert ein del svinn fra varelager utomhus og eit par innbrot vart også registrert. Dette gjorde det naudsynt å sikre forretninga betre. Derfort vart deler av uteareala inngjerd og inne i bygningane vart det montert innbrotsalarm.

    År 2001 – 2007

    I 2003 vart det bygd tak over et større utelager på austsida av foretningsbygget, dette sikra varer, bl.a. kunstgjødsel, mot skader som følge av dårleg ver. Ellers vart det utført nødvendig vedlikehold og oppgradering av butikklokala. Då Tine / Norske Meierier avviklet driften ved Ål Meieri vart det vurdert å kjøpe eller leige lokaler her, men med bakgrunn i at det allerede var kosta mykje på eksisterande lokale og at det nok ville bli tungt økonomisk i lang tid framover bestemte styret at det var best å fortsette der ein var.

    Den 17. september 2005 var bygningane utsatt for ei alvorleg hending. Det brann! Kontoret vart totalskadd. Butikken hadde røyk og pulversakder. Brannen hadde starta i en lysarmatur på kontoret og røyken hadde løst ut innbruddsalarmen. Derfor kunne ein representant fra vaktselskapet starte brannslukkinga raskt og det vart derfor også minimale skader på resten av bygningen. Som følge av dette ble lokalene pusset opp og butikken ble renovert og ny innredning skaffet til veie. Samtidig ble også nytt dataanlegg anskaffet og bedriften tok derved et raskt steg inn i den moderne verden.

    Sluttord

    Etter over hundre års drift er Ål Kjøpelag klar for å ta fatt i de neste hundre. Våre ca 200 medlemmer er trofaste kunder og danner grunnlaget for driften vår, men andre næringsdrivende, private og hytteeiere kommer stadig oftere innom for en hyggelig handel.

    Største utfordringen videre blir å holde tak i den gode utviklingen vi har sett de siste årene og sørge for at våre kunder alltid er fornøyd med det vareutvalg og den service de møter.

Ål Kjøpelag
Vestlivegen 1, 3570 Ål

Tlf 32 08 10 86

post@aalkjoepelag.no

Åpningstider:

Man - tor : 09.00 - 16.30 

Fred : 09.00 - 18.00

Lørdagsåpent:
Mai - Juni: 10.00 - 14.00