§ 1.
Namnet til laget er Ål Kjøpelag.
§ 2.
Føremålet til laget er å drive handel og fremje medlemmene sine interesser ved kjøp av varer.
§ 3.
Forretningskontoret skal være i Ål Kommune.
§ 4.
Ansvar
Medlem hefter ikkje for meir enn medlemspengane kr 125,00.
Det medlem skyt inn utover denne summen, blir rekna for låneinnskot. Lån til laget skal det svarast renter av etter høgste innskotsrente i bank
§ 5.
Medlemmer
Alle som driv jord- og husdyrbruk eller verksemd som har samband med dette kan verte medlem i laget. Medlemskap er personleg og ved eigedomsskifte må den nye eigaren søkje styret om å få overta tidligere eigars medlemskap. Søknad om medlemskap skal sendast styret. Styret kan avslå søknad om medlemskap, og kan stengja ute medlemmer som på grunn av stilling, handlemåte eller andre omstende kan tenkjast å gjere laget skade. Eit slikt vedtak kan ankast inn for årsmøtet. Ein som er nekta å verte medlem eller blitt stengd ute, kan ikkje verte teke opp att utan etter vedtak fra årsmøtet, etter at styret først er rådspurt.
Styret skal syte for at det blir ført medlemsliste. Ynskjer eit medlem å gå ut av laget har ham berre krav på å få utbetalt lånesummen han har skote inn. Det medlemmet kjøper av laget skal betalast på dei vilkår som årsmøtet til kvar tid set. Berre medlemmer av laget har rett til kjøpeutbytte.
§ 6.
Laget skal ha eit styre på 5 medlemmer. I tillegg er styraren fast medlem utan røysterett. Styremedlemene vert valgte av årsmøtet for 2 år. 2 står på val eit år og 3 neste år. Formann vert valgt for eit år av årsmøte ved særskild val mellom styret sine medlemer. Nestformann vert valgt av styret. Det vert kvart år valgt tre varamenn til styret. Fyrste varamann skal kallast inn fyrst.
Alle medlemmer er pliktige til å ta imot val. Eit styremedlem kan nekte attval i like lang tid som han har vore medlem av styret og ellers etter at han har fylt 65 år. Styret er vedtaksfør når formannen og minst to av styremedlemene er til stades. Til gyldig vedtak krevs at minst tre av styremedlemene har røysta for framlegget. Formannen og eit styremedlem i felleskap forpliktar laget. Styret kan gi prokura.
§ 7.
Styret skal leia laget i samsvar med vedtektene og dei vedtak som årsmøtet gjer. Formannen kallar inn til styremøte så ofte det er naudsynt av omsyn til verksemda, eller når to styremedlemmer krev det. Styret førebur og gjer framlegg i de saker som skal leggjast fram på årsmøtet. Styret tilset dei tjenestemenn som trengs og fastset godtgjersla til desse, og avgjer ellers alle saker som ikkje ved lov eller vedtekter er lagt inn under andre organer.
Styret skal sjå til at det vert ført fullgodt reknskap. Det skal førast møtebok for styremøta. Møteboka skal underskrivast av alle som er til stades.
§ 8.
Årsmøte
Vanleg årsmøte skal haldast kvart år innan 30. mars med 10 dagers skriftleg innkalling til medlemene. Rekneskapet skal vera tilgjengeleg for medlemane fra innkallinga til årsmøtedagen.
Årsmøte skal handsama:
1. Årsmelding frå styret
2. Årsrekneskapen – som skal væra revidert
– med styret sitt framlegg til disponering av rekneskapsresultatet.
3. Val
4. Fastsetjing av godtgjersle til tillitsmenn
5. Andre saker som er nevnt i innkallinga og innkomne til styret i rett tid.
Alle saker, med unntak av § 9 og § 10 i vedtektene, vert avgjort med vanleg fleirtal av dei som røyster. Er det likt røystetal gjer møteleiaren si røyst utslaget. Unnateke er val, der det i tilfelle likt røystetal vert teke loddtrekking. Kvart medlem har ei røyst.
Medlem kan møte ved skriftleg fullmakt som må godkjennast av årsmøtet. Ingen kan avgjeva meir enn tre røyster. Framlegg som eit medlem ynskjer skal handsamast på årsmøte må vera sendt inn til styret innen 15. januar. Omframt årsmøte skal haldast når styret eller en tredjepart av medlemmene krev det. Desse møtene handsamar berre den eller dei sakene som er årsak til møtet. Innkalling og sakshandsaming skjer etter same reglar som for vanleg årsmøte.
§ 9.
Endringar i desse vedtektene kan gjerast på årsmøte med 2/3 fleirtal av dei som møter. Framlegg om endringar må vera sendt styret innen 15. januar og vera gjort kjent for medlemene ved innkallinga til møtet.
§ 10.
Oppløysing
Framlegg om å løyse opp laget skal fyrst vera drøfta av styret g så leggjast fram på eit årsmøte. Er det fleirtal for oppløysing kallar styret saman til nytt møte med minst ein månads skriftleg varsel. For gyldig vedtak krevst det at 2/3 partar av medlemene er til stades og at 2/3 partar av møtelyden røystar for framlegget. På same å møte vert det teke avgjerd om korleis moglege eiendelar skal nyttast.
